Lese- og skrivevanskar

Elevar som har store lese- og skrivevanskar og dokumenterte behov for PC/nettbrett, kan søkja om tilskot til dette frå NAV.

Dette gjeld elevar med spesifikke lese- og skrivevansker, som dysleksi, og som har dokumentert behov for PC/nettbrett. Lege, Pedagigisk psykologisk teneste (PPT) eller spesialpedagog på skulen må dokumentera at det er eit særskilt behov for PC /nettbrett.

Det er viktig at foreldre og skule er i tett dialog om leseutviklinga og drøftar både tiltak og vidare kartlegging når det viser seg nødvendig.