Kommunepsykolog for barn og unge

Kven kan få tilbodet?

Kommuepsykologane for barn og unge jobbar med førebygging og tidleg intervensjon knytt til aldersgruppa 0-24 år. Tenesta rettar seg mot barn og unge med milde til moderate psykiske vanskar, via konsultasjon, grupper, kurs og rettleiing. Vi jobbar i tillegg med rettleiing til andre tenester og systemarbeid retta mot å skape gode helsefremjande arenaer for barn og unge.

Tilbod

  • Helsetasjon (Straume, Ågotnes, Rong og Skogsvåg):
    konsultasjonstilbod for foreldre og barn 0-12, etter avtale med helsesjukepleiar
  • Barneverntenesta (Straume):
    konsultasjonstilbod etter avtale med barneverntenesta
  • Skulevegringsteam
  • BTI-Ressursteam (representert i alle 4 soner)
  • Vald og overgrepsteam
  • Tysdagspoliklinikk: Kortvarig behandlingstilbod for ungdom etter tilvising frå helsesjukepleiar/skulelege på ungdomsskule, v.g.s. eller HFU

Slik søkjer du

Du treng ikkje søkja om denne tenesta. Ta kontakt med helsestasjon.

Prisar

Tenesta er gratis.

Kurs- og gruppetilbod