Formål
Ergoterapi-tenesta skal bidra til at personar med funksjonsnedsetjing kan leva eit mest mogeleg sjølvstendig, aktivt og meiningsfullt liv.
Målgruppe
Innbyggjarar med funksjonsnedsetjing som kan ha nytte av ergoterapitenesta.
Skildring
Personar som har vanskar med å utføra personlege gjeremål, kan ha nytte av å få oppfølging av ergoterapeut. Ergoterapeut kan gje tenester i heimen eller på andre aktuelle arenaer, som skule og barnehage. Ved behov samarbeider terapeutane med andre tenesteytarar i og utanfor kommunen.
Tilbodet inkluderer kartlegging og undersøking, utifrå kartlegging set vi saman mål og tiltak.Aktuelle tiltak kan vera:
- Trening på aktivitetar i dagleglivet
- Hjelp til tilrettelegging av omgjevnader
- Råd og rettleiing
- Hjelpemiddelformidling
Dersom du har behov for å eit hjelpemiddel for å klara deg i dagleglivet, kan ergoterapeuten hjelpa med å søkja om dette til NAV hjelpemiddelsentralen og gje opplæring i bruk. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode, kan du låna dette frå korttidslageret i kommunen.
Kriterium og vurdering
Individuell vurdering etter prioriteringsnøkkel. Prioriteringsnøkkelen finn ein på kommunen sine nettsider for ergoterapi, sjå lenkje nedanfor.
Forventningar til tenestemottakar
- Du er delaktig i å setja mål for oppfølging og følgjer dette opp som avtalt
- Du gir beskjed viss du er hindra frå å gjennomføra avtalt time
- Dersom hjelpemiddel er eit tiltak, skal ein først avklara om utstyr frå vanleg handel er tilstrekkeleg
- Du tar vare på utlånte hjelpemiddel og gjer beskjed viss noko vert øydelagt eller ikkje er i bruk
- Husdyr blir haldne i eit anna rom eller i band ute når helsepersonell er til stades.
- Du syter for eit røykfritt arbeidsmiljø når helsepersonell er til stades.
Tenesta omfattar ikkje
- Praktisk hjelp i eigen bustad
- Persontransport
- Behandling av økonomi og banktenester
- Tilrettelegging i arbeidslivet
Praktiske opplysningar
For pasientar i eit habiliterings- eller rehabiliteringsforløp vert tenesta gitt saman med institusjonar, heimesjukepleie, bustadtilbod, dagtilbod, barnehage, skule, arbeidsplass eller andre relevante samarbeidspartar.
Eigenbetaling
Tenesta er gratis.
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket