Stafett for livet

“Nokon ganger drar du meg og nokon gonger drar eg deg” - Anne Cath Vestly

Torsdag 28 mai gjennomførte alle barn og vaksne i Knappskog barnehage Stafett for Livet, med eit stort engasjement frå både små og store. Vi hadde ein fantastisk heiagjeng då fleire foreldre, besteforeldre og skuleelevar kom for å heie på oss, noko som gjer at vi kjenner på både meistring og stolthet! 

Laurdag 06.06 og søndag 07.07 arrangerast det Stafett for Livet på Ågotnes stadion, der Knappskog barnehage stillar med lag, saman med Knappskog skule. Her er alle velkomne til å delta, vi treng fleire som vil springe saman med oss og det er mogleg å melde seg på laget til Knappskog barnehage og Knappskog skule - hjartleg velkommen!

På heimesida til Stafett for Livet, beskriver dei stafetten vi har gjennomført slik: Gjennom ein egen skulestafett eller barnehagestafett for livet kan ein vise støtte, hedre og heie på dei som rammast av kreft i lokalmiljøet. Saman kan vi gi håp, og vise at dei ikkje er alene. Skulestafett og barnehagestafett er ein del av Kreftforeningens Stafett for livet.

 “Ein barnehagestafett varar i 24 minutter og det er lov å både løpe og gå. Alle kan vere med på stafetten ut frå eigne føresetnadar. Stafetten er ikkje en konkurranse, men ein går saman og med kvarandre for å vise støtte til dei som rammast. Kvart skritt teller.”

Om du ynskjer å gi eit bidrag til Kreftforeninga og Stafett for Livet, ligg QR-koden ved som bilete. 

Også sjåast vi kanskje på Ågotnes stadion laurdag eller søndag?