One Ocean - kunst- og forskingsprosjekt for fireåringar

September 2022 fekk vi i Knappskog barnehage vera med på eit spennande prosjekt leia av kunstnarar og forskarar ved BARNkunne (Høgskulen på Vestlandet, HVL).

One Ocean - kunst og forskningsprosjekt for fireåringer - Klikk for stort bilete

I eit kombinert barnekunstprosjekt og eit forskingsprosjekt har formålet med prosjektet vore å utvikla, dele kunnskap, sjå på relasjonar og korleis barn og vaksne i barnehagen saman utforske møtet med havet og biotopen der land møter sjø.

Prosjektet har blitt gjennomført hovedsakelig i nærmiljøet til barnehagen, Grottvika på Knappskog.

Undring, samtaler og kunst

Vi har hatt samtalar om det store havet og fulgt etter edderkoppar i graset. Vi har plukka flate og ikkje flate ting i naturen og laga natur bilete. Vi har funnet steiner under vatn som vi likte spesielt godt og plassert (oss sjølv som) små steiner på eit langt verdskart. Vi har teikna med vatnfargar på det våte kartet, for så å rive det opp i små bitar, helle saltvatn på og laga nytt papir med bitar av naturen i papiret.

Vi har spist lunsj ute og teikna med havutsikt foran oss. Vi har undersøkt sjøen gjennom forstørrelsesglass og undra oss over at huden på fingrane ser gamal ut etter å ha vore i vatnet lenge.

Vi har speida etter båter og kaptein Sabeltann. Vi har funnet krabber og reker under steiner, små fisk og anemonar i sjøen. Vi har gått i t-skjorte i solen og søkt ly under tarp når himmlen opna seg. Det heile ble avslutta med ein open utstilling på toppen av eit vindfullt fjell, midt i naturen med utsikt til havet og barnehagen.

Om prosjektet

Prosjektet er knytta til det store One Ocean Expedition, der seilskipet Statsraad Lehmkuhl skal på ekspedisjon jorda rundt frå august 2021 – April 2023. Det skal setja opp ein barnekunstutstilling når seilskipet Statsraaden legg til kai i Shanghai, hausten 2022.

Prosjektpartnarar for planlegging av prosjektet er: Bergen kommune, Øygarden kommune, kunstnarar og forskarar ved BARNkunne (HVL) og East China Normal University , i Kina.

Tekst og foto: Christine B. Asheim, 07.10.2022.