Praktisk informasjon

Informasjon om SFO på Hjelteryggen skule

Opningstid

Kl. 07.00 til skulestart
Etter skuletid til 16.30

Henting i SFO

Når barna blir henta av andre enn dei som henter dei til vanlig ber vi dykk om å skriv dette i kontaktboka til SFO. Dersom barnet ikkje skal på SFO skal kontaktboka leverast til kontaktlærar.

Hugs alltid å gje beskjed til ein tilsett i SFO når du hentar barnet ditt!

Det er viktig at barnet blir henta innan kl.16.30. Dette gjeld også for dei som har delt plass. Ved for sein henting må du betale kr. 250.- pr. påbegynte halvtime. Dersom du er forsinka må du ringja 55 09 79 05 seinast kl. 16.25.