Ferie-SFO

SFO følgjer skuleruta

Vi tilbyr ferie‑SFO i haustferien, vinterferien og sommarferien.
I sommarferien er tilbodet inntil to veker i juni etter at skulen tek ferie, og inntil to veker i august før skulestart ved nokre skular.
SFO er stengd i juli.

Kommunen legg ferietilbodet i sommar‑, haust‑ og vinterferien til enkelte skular etter behov.
Spesialavdelinga ved Hjelteryggen skule har eige ferietilbod.
Tilbodet er ope for barn med særskilde behov frå alle skulekrinsar i kommunen.

Oversikt over skular som tilbyr ferie-SFO

  • Bjorøy skule
  • Brattholmen skule
  • Foldnes skule
  • Rong skule
  • Spildepollen skule
  • Ågotnes skule
  • Hjelteryggen skule (spesialavdelinga - for barn med spesielle behov)

Etter skulestart hausten 2026 vil også desse skulane tilby ferie‑SFO:

  • Kolltveit skule
  • Ulveset skule
  • Skogsvåg skule

Søk ferie-SFO

Du søkjer ferie-SFO i Vigilo foreldreportal under menypunket Søknadar.

Påmelding ferie-SFO i Vigilo foreldreportal

Søknadsfrist er 15. april for sommarferie-SFO

NB! Påmeldinga er bindande.

Opningstid

Ferie‑SFO er open frå kl. 07.30 til 16.30.
Vi kan ha kortare opningstid dersom søkjarbehovet tilseier det.

Ferie SFO - Tilbod for 2026

  • Veke 26
  • Veke 27
  • Veke 32

Ferie og fridagar for grunnskulane

Her finn du oversikt over ferie og fridagar for grunnskulane

Pris og betaling 2026

Prisen per veke for ferie‑SFO er 1 075 kr.
For elevar på 1.–3. trinn er prisen 805 kr per veke.
Elevar på 1.–3. trinn har rett til 12 timar gratis SFO også i ferie‑SFO, og prisen er justert i tråd med dette.
Det er ikkje søskenmoderasjon i ferie‑SFO.