Forventningar til skulen, føresette og elevane

Kva kan dere forvente av Hjelteryggen skule?

  • Vi er engasjerte vaksne som bryr oss og leggjer til rette for eit trygt læringsmiljø
  • Vi gir god oppfølging av eleveane sin faglige og sosiale utvikling
  • Vi inviterer til to utviklingssamtalar og to elevsamtalar kvart år
  • Vi gir elevene underveisvurdering og framovermeldingar
  • Vi tek kontakt med heimen for å samarbeide
  • Vi formidlar kontakt med hjelpeapparat ved behov

Vi forventer at føresette

  • Formidler støtte og oppmuntring til barnet
  • Snakkar positivt om skulen
  • Respekter skuleåret og feriane
  • Prioriterer tid til å følgje opp barnet i skulearbeidet
  • Sørger for mat, søvn og klær, og passer på at elevane møter på skulen til rett tid
  • Tek kontakt med skulen når det er noe dere lurer på
  • Møter på foreldremøter, utviklingssamtalar og andre tilstelningar når de blir invitert

Vi forventer at elevene

  • Har forventningar til å lære
  • Forstår at læring krever arbeid og innsats
  • Gjer sitt beste for å lære
  • Gjer sitt beste for at vi skal få eit godt læringsmiljø
  • Følgjer klasse- og ordensreglane