Formål
Fysioterapitenesta kan førebyggja og behandla skader og sjukdomar som gir smerter og/eller nedsett funksjon i muskel- og skjelettsystemet.
Målgruppe
Innbyggjarar med funksjonsvanskar relatert til bevegelse, muskel og skjelett.
Skildring
Personar som har nedsett funksjonsevne grunna sjukdom eller plager i muskel.- og skjelettsystemet kan ha nytte av å få oppfølging av fysioterapeut. Fysioterapeuten kan bidra med vurdering, behandling og tilrettelegging. Ved behov samarbeider terapeutane med andre tenesteytarar i og utanfor kommunen.
Tilbodet inkluderer kartlegging og undersøking, utifrå kartlegging set vi saman mål og tiltak.
Aktuelle tiltak kan vera:
- Behandling og trening, individuelt og i gruppe.
- Råd og rettleiing
- Hjelpemiddelformidling
Dersom du har behov for å eit hjelpemiddel for å klara å deg i dagleglivet, kan fysioterapeuten søkja om dette til NAV hjelpemiddelsentralen og gje opplæring i bruk. Har du behov for hjelpemiddel for ein kortare periode, kan du låna dette frå korttidslageret i kommunen
Kriterium og vurdering
Hovudregelen er at du oppsøkjer fysioterapeut som kommunen har driftsavtale med (fysikalsk institutt), dersom du er i stand til det. Det kommunale fysioterapitilbodet er for dei som av helsemessige eller andre årsaker ikkje kan nytta seg av fysioterapi på institutt.
Individuell vurdering etter prioriteringsnøkkel. Prioriteringsnøkkelen kan ein finna på nettsider for fysioterapi, sjå lenkje nedanfor.
Forventningar til tenestemottakar
- Du er delaktig i å setja mål for behandling og følgjer dette opp som avtalt
- Du gir beskjed viss du er hindra frå å gjennomføra avtalt time
- Dersom hjelpemiddel er eit tiltak, skal ein først avklara om utstyr frå vanleg handel er
tilstrekkeleg. - Du tar vare på utlånte hjelpemiddel og gjer beskjed viss noko vert øydelagt eller ikkje er i bruk
- Husdyr blir haldne i eit anna rom eller i band ute når helsepersonell er til stades.
- Du syter for eit røykfritt arbeidsmiljø når helsepersonell er til stades.
Tenesta omfattar ikkje
- Praktisk hjelp i eigen bustad
- Persontransport
- Behandling av økonomi og banktenester
Praktiske opplysningar
For pasientar i eit habiliterings- eller rehabiliteringsforløp vert tenesta gitt saman med institusjonar, heimesjukepleie, bustadtilbod, dagtilbod, barnehage, skule, arbeidsplass eller andre relevante samarbeidspartar.
Eigenbetaling
Det er eigenbetaling for fysioterapi. Tenesta er gratis for barn under 16 år, personar med frikort helsetenester og ved godkjend yrkesskade. Vi viser elles til «Forskrift om stønad til dekning av utgifter til fysioterapi» nedanfor.
Lovgrunnlag
Du kan klaga på vedtaket