Frå skuleløpt på torsdagDei tilsette ved skulen melder om ein uforgløymeleg dag prega av samhald og ei heilt enorm løpeglede. Anten elevane heldt koken i 30 eller 45 minutt, gav alle absolutt alt i løypa rundt skulen og fotballbana.
Tala frå gårsdagen talar for seg sjølv – dette er ikkje mindre enn fantastisk:
- 1 685 rundar vart til saman lagde bak seg av dei flinke elevane!
- Kvar einaste elev sprang i snitt utrulege 12,9 rundar.
Både lærarar og andre tilsette er djupt imponerte og stolte over kva barna fekk til. Vi i kommunen kan ikkje anna enn å seie oss heilt samde og ta av oss hatten for denne innsatsen!
Har du lyst til å støtta innsatsen til Hjelteryggen-elevane for ei utruleg viktig sak? Den digitale innsamlingsaksjonen til skulen er framleis open for alle som vil bidra – anten du er forelder, nabo, besteforelder eller lokalpatriot.
Støtt innsamlinga til Hjelteryggen skule her: www.spleis.no/499001?s=c
Hurra for den fantastiske gjengen på Hjelteryggen skule!
Tekst og foto: Helge Lunden