Fiskarbonden Johannes Kleppevik

Vi i Hamramyra barnehage har jobba med prosjekt om  «fiskarbonden» og musikar Johannes Kleppevik. Her har vi sett på bilete frå Sotra i «gamle dagar», snakka om korleis ein livnærte seg og om korleis det var å vere barn på denne tida. Ei tid der både store og små drog på sjøen for å sørgje for at det var nok mat på middagsbordet.  I den forbindelse var det naturlig å knyte prosjektet opp mot musikar og trubaduren Johannes Kleppevik frå Sund.

Tur til Bergen Sjøfartsmuseum - Klikk for stort bileteTur til Bergen Sjøfartsmuseum

Han har i musikken sin skildra godt kystkulturen her på Sotra. Vi har høyrt mykje på musikken hans og hatt stor glede av denne. Prosjektet starta med at vi var så heldig å få ei gåve frå Fjell kommune. Dette var ei songbok med tekstar frå Johannes Kleppevik med CD til. Barnehagen er og skal være ein kulturformidlar og kva er vel meir naturlig enn å knytte det til lokal kultur frå gamle dagar og ikkje minst lokal musikk.

Her speler museumsverten Stig gitar for oss - Klikk for stort bileteHer speler museumsverten Stig gitar for oss


I forbindelse med prosjektet var vi også ein tur til Bergen sjøfartsmuseum kor vi var med på eit undervisningsopplegg tilpassa barnehagar. Her fekk vi mange spanande inntrykk. Allsong, omvising, forteljing om Kaptein Sabeltann og skattejakt var noko av det vi var med på. Tusen takk til Bergen Sjøfartsmuseum for eit flott opplegg! Dette har vore gode opplevingar både for store og små! Prosjektet vart avslutta med karneval i barnehagen no i mars. Tema var sjølvsagt sjørøvar og piratar. Vi trur barna i Hamramyra barnehage har hatt gode opplevingar frå dette prosjektet. Dei har fått vite litt om korleis vi levde og livnærte oss på Sotra i «gamledagar» og fått kjennskap til musikar og trubadur Johannes Kleppevik. Vi ønskjer å takke Fjell kommune for den flotte gåva som inspirerte oss til dette prosjektet.

Avd. Lyngtusleren, Hamramyra barnehage

Kaptein Brille er i ferd med å opne skattekista. Barna følger spent med. Kva kan vere inni? - Klikk for stort bilete
Songhefte med CD og tekst. Gåve frå Fjell kommune - Klikk for stort bilete