Måndag 3. januar var 22 spente førskulebarn med på tur til Øygarden brann og redning på Ågotnes. Dagen starta med litt praktisk teori i eit klasserom der vi blant anna fekk sjå på røykvarslarar og kva som skjer dersom vi legg eit glas over eit levande stearinlys.

Fireåringane i Ågotnes barnehage og Hamramyra barnehage, hadde sist torsdag konsert for foreldre og andre inviterte. Konserten var for å markere avslutninga på eit to-årig prosjekt, der barnehagane har hatt tett samarbeid med kulturskulen og Åshild Eriksen og Erika Kroken.

Alle barn og unge har rett til å ha det bra i barnehagen og på skulen. Om du blir mobba eller plaga er det viktig at du fortel det til ein vaksen. Om du synest det er vanskeleg eller flaut å fortelja om det, er du ikkje åleine. Det er heilt normalt. Men det hjelper ikkje å halde det for seg sjølv.

 

Ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen inviterer til ei 17. mai-feiring der vi har ei flagglengdes avstand til kvarandre.

I dag presenterte ordførar Tom Georg Indrevik og kulturleiar Christel Møvik-Olsen opplegget for 17. mai-feiringa i Øygarden. Med fire kortesjar og sending på Youtube frå klokka 10.45 skal folke få ei annleis, men minneverdig nasjonaldagfeiring.

 

Etter veker ute av barnehage og skule, kan det vere krevjande å finne tilbake til den vanlege kvardagen. Nokre barn og unge kan kvi seg fordi dei er engstelege for smitte. Andre kan kvi seg for å starte opp att i barnehage og skule fordi det har vore trygt og godt å vere heime.