Aktivitetstilbod (Kjellien)

Kjellien har base på skuleavdelinga på Algrøy. Det er eit aktivitetstilbod for dei elevar som treng eit pusterom frå vanleg skulekvardag. Dette er er eit enkeltdags tilbod.

Gjennom lystbetonte idretts- og friluftsaktivitetar er målet og gje glede og meistringsfølelse, med overføringsverdi til ordinær skule.

Rammer

Tilbodet har 20 elevplassar på vekesbasis. Elever frå mellomtrinnet og ungdomstrinnet ved skular i Øygarden kommune kan søke plass. Formell søknad leverast til Gangstø ressurssenter ved Guttorm Helgøy. Skuledagen har same lengd som skuledagen på heimeskulen. Elevar søker plass for eit år av gangen. Erfaringsmessig har skular i samarbeid med foreldre ofte valt å søke inn elevar som har behov for sosial trening i andre rammer enn det ein har på skulen. Med dette som utgangspunkt har tilbodet sitt fokus retta mot trening i samspill både i forhold til vaksne, jamnaldrande og med tanke på fungering i grupper. I nokre tilfelle er dette elevar som er i sin vanlige skolekvardag har mykje tid utanfor klasserommet og slik vil samspillstreninga være eit naturleg satsingsområde.  I samsvar til læreplanen skal følgjande fag ivaretakast gjennom ei praktisk sosialpedagogisk tilnærming;

Naturfag, Gym, Matematikk, heimkunnskap og samfunnskunnskap.

Organisering av skulekvardagen

Kvar dag startar opp med at elevane hentast på heimeskule. Elevane  vert etterpå kjørt til Algrøy kor Gangstø Ressurssenter held til. Grunna smittevernstilak kan og andre arena verte benytta. Her samlast elevane til frukost der dei sjølv både lager mat, dekker på og ryddar av. Elevane tar arbeidsoppgåvene på omgang her. Fokus i denne sekvensen av skuledagen er den sosiale treninga det gir å samlast rundt både felles arbeid, men og måltidet. Bordskikk, turtaking og samtalene er vesentlege her.  

I denne delen av dagen får elevane også en gjennomgang av aktuelle nyhende, både nasjonalt og internasjonalt. Denne gjennomgangen legg grunnlag for ei prøve/quiz seinare på dagen.

Et sentralt satsingsområde i dette skuletilbodet er fysisk aktivitet. (Sjå vedlegg for eksemplifisering på kva for aktivitetar og arena som nyttast samt læringsmål og aktivitetsplan.)

Samarbeid med skule og heim

Skulen har også ei oversikt over  aktivitetar elevane deltek på til ei kvar tid. (Sjå vedlegg). På skulane oppmodast de til å ta kontakt med Kjell Rune direkte om de har spørsmål. Føresette som har elever på dette skuletilbodet har jamleg kontakt med Kjell Rune Pedersen pr telefon.  Desse samtalene handlar om tilbakemelding på fungering i gruppa og på aktivitetar, samt informasjon om naudsynt bekledning eller utstyr.

Målsetningar

I samarbeid med skole og føresette set ein opp individuelle målsetningar for eleven, sjølv om det primære aspektet ved tilbodet vil være fysisk aktivitet og trening i samspillsferdigheter. Å tilby en kvardag kor eleven opplever meistring og får styrka si sjølvkjensel er kjernekomponentane ved tilbodet. 

Gjøremål som blir gjentatt hver gang

  • Henting hjemme
  • Felles frokost på Gangstø/annen arena
  • Kjøring til aktivitetane
  • Frukt og grønt til lunsj
  • Hjemkjøring

Tema som går igjen heile året

  • Uker, dager, månader, årstider
  • Klokke
  • Trening og helse
  • Sunt og godt kosthald
  • Sosial kompetanse: Vente på tur, ta hensyn og god kommunikasjon

Oversikt over aktivitetar og gjennomføring

Kompetansemål