Om skulen

Gangstø Ressursenter skal styrkje det spesialpedagogiske arbeidet i Øygarden kommune. Med høg kompetanse og erfaring ønskjer vi styrkje skule og foreldre i utfordringar dei står i knytt til skuledagen.

Gangstø ressurssenter si skuleavdelig, held til på gamle Algrøy barneskule - Klikk for stort bilete

Skuleavdelinga

Skuleavdelinga til Gangstø ressurssenter held til på gamle Algrøy barneskule vest i Øygarden kommune.

Skulen er eit tilbod til elevar på ungdomskuletrinnet, som av ulike årsaker ikkje meistrer skulekvardagen på heimeskulen sin.

Gjennom høg grad av tilpassa opplæring og stor vaksentettheit ønskjer vi auke meistring og trivsel hos eleven.

Vi har eit særs fokus på heim/skulesamarbeid og arbeid opp mot spesialhelsetenesta.