Om NUSSA
NUSSA er eit utviklings- og leikbasert barnegruppeprogram for barn i alderen 3–12 år, basert på nevroaffektiv utviklingspsykologi. Målet er å styrkja barn si sosiale og emosjonelle utvikling gjennom god reguleringsstøtte og målretta tiltak.
Leik og strukturerte leikegrupper står sentralt i metodikken. Gjennom leik skaper ein trygge rammer for samspel, meistring og glede.
NUSSA har som mål å styrkja dei emosjonelle, personlege og sosiale ressursane hos barna. Dette skjer gjennom strukturert leik som gir barna betre relasjonelle ferdigheiter, større sjølvinnsikt og auka motstandskraft mot psykiske stressfaktorar.
Øygarden kommune har utdanna over 40 NUSSA-trenarar i barnehage og skule. Desse har fått grundig opplæring i å organisera leikegrupper med innhald som fremjar samhald, glede og god samspelskompetanse. I tillegg har fleire hundre tilsette delteke på NUSSA-inspirert opplæring. Kommunen tilbyr ei årleg motivasjonssamling for deltakarane.