Ordensreglement

Her er ordensreglane ved Fjell ungdomsskule.

Respektreglar

  • Vi snakkar fint til kvarandre
  • Vi rettar oss etter beskjed frå vaksne
  • Vi møter presis og førebudd til timane
  • Vi mobbar ikkje

Ordensreglement

  1. Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova § 9a. 1 og 4
  2. Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for at ikkje nokon opplever  krenkande og ulovleg åtferd frå andre.
  3. Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei. Opplæringslova §2.9. og 3.7.
  4. Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane og syne respekt for undervisninga. Alle elevar møter punktleg og førebudd til timane.
  5. Alle skal bidra med å halda orden overalt på skulen.
  6. God læring krev godt kosthald i kvardagen. Elevar skal derfor ikkje ha med seg eller nytte snop, brus eller energidrikk i skuletida, om ikkje det er etter særleg avtale med lærar eller leiinga. Slike lokale avtalar må ikkje føre til at elevar har snop og brus ute i skulegarden/ gongane.
  7. Elevane er ute i friminutta.
  8. Ingen elevar kan nytta gangen i 2.etasje i administrasjonsblokka når dei skal gå mellom spesialromsdelen og klasseromsdelen av skulen.
  9. Meldingar mellom heim og skule: Dersom eleven ikkje er førebudd, må det leverast skriftleg årsak i melding frå føresette. Det er ubudde hendingar som er sakleg grunn til å ikkje vere førebudd. 
    - Meldinga vert send til kontaktlærar i meldeboka Transponder.
    - Melding om fråvær må leverast i Transponder første skuledag etter fråværet. Fri frå undervisninga kan gjevast dersom det er særlege grunnar. Søknad om fri inntil 2 dagar skal skrivast i meldeboka Transponder.
    Her finn du meir informasjon og søknadsskjema for elevpermisjon
  10. Elevar skal ikkje ha med eller bruke farleg reiskap på skulen (T.d. kniv, stikkreidskap eller andre farlege gjenstandar eller kopi av dette).
  11. Alle elevar skal unngå farleg leik som kan skada dei sjølv eller andre. T.d. bruk av fyrverkeri, snøballkasting, dypping, bruk av vassballongar, sykling, bruk av classy walks, skate boards  eller moped på skulen sitt område. El- sparkehjul og liknande skal parkerast i sykkelstativ eller på annan henvist plass.
  12. Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida.  Opplæringslova §9.5. All bruk av eller reklame/symbol for tobakk, snus, e-sigarettar eller andre rusmiddel på skulen sitt område er ikkje tillete, og kan føre til nedsett åtferdskarakter.
  13. Fus er mobilfrisone for elevar i skuletida. Vi nyttar mobilhotell. Alle medtekne mobilar skal leverast inn ved oppstart på dagen. Mobilane blir parkerte i mobilhotellet, og blir utdelt i klassen på slutten av dagen. Om eleven skal gå frå skulen tidlegare, kan den sjekkast ut / hentast på forkontoret, men kan ikkje nyttast på skulen sitt område. Dette for å leggje til rette for at skulen skal vere ein mobbefri og lærefokusert arena.

Elevar skal altså  ikkje bruke eller ha mobil-, kamera-, Chrome Book eller musikk –utstyr anna enn i timar kor lærar nyttar dette i ein pedagogisk samanheng.  (Om morgonen, før ringing inn, kan elevane nytte mobilen, sin til fredeleg aktivitet). Det er ikkje høve for tilsette å gjere unnatak/ gje elevane høve til å nytte slikt utstyr ute i friminutt.

Om føresette vil ha kontakt med elevane sine, bed vi dei nytte skulen sin telefon: 55097700. Slik sikrar vi at det ikkje er føresette som gjer at eleven bryt denne ordensregelen.

Sanksjonar ved brot på ordensreglane

  • Samtale, munnleg eller skriftleg åtvaring frå lærar/avdelingsleiar/rektor
  • Melding til dei føresette, møte med dei føresette
  • Inndraging av friminutt, bortvisning frå timen
  • Gjensitting etter at skuletida vanlegvis er slutt eller parade (tidleg oppmøte)
  • Bortvisning frå skulen i inntil 3 dagar
  • Skifte av gruppe, klasse, skule
  • Nedsett karakter i orden og åtferd
  • Skadeverk medfører at eleven må rydde opp /utbetre skaden og dei føresette er erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000, dette gjeld også skulens bøker (Skadeerstatningslova §1.2)
  • Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar og eventuelt levering av desse  til politiet
  • Ved lovbrot vil rådmannen vurdera å melda saka til politiet (kommunal prosedyre)

Presiseringar

Mobil, musikk eller kamera -utstyr som blir oppdaga ikkje er levert inn ( pnkt 13), eller som vert nytta til anna enn det lærer har gjeve høve til, blir levert til Forkontoret og registrert der. Merknad på ordenskarakteren blir gitt av den som beslaglegg. Utstyret kan hentast på forkontoret av eleven sjølv ved skuledagens slutt. Den tredje gongen dette skjer innan same semester, vil forkontoret gje kontaktlærar eit brev som eleven så får med seg. Der står det at ein neste gong må føresette til eleven må komme til skulen og hente ut att utstyret. Om det er musikk-, mobil- eller kamera- utstyr tel for det same.

Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes

  • Fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på nettside
  • Negative sms, mms, chat, epost, ryktespreiing
  • Rasistiske utsegn og handlingar
  • Seksuell trakassering
  • Sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn
  • Hærverk
  • Valdsbruk
  • Mobbing
  • Trugsmål

Farleg reiskap er til dømes

  • Gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d. knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag

Rusmiddel

Nulltoleranse for tobakk, snus og andre rusmiddel.

Ordensreglane gjeld  på skuleveg, på skulens område, og på arrangement i skuleregi.

Elevane sine eigedelar må vere forsikra via føresette. Skulen har ikkje forsikringar som dekkjer den enkelte elev sine klede eller utstyr som ranslar, mobilar, syklar etc. Det gjeld også utstyr som elevane låner av skulen.

Revidert i SU mai 2021, og oppdatert august 2022


Signering av ordensreglement

Elev og føresett skal signera at dei har gjort seg kjende med ordensreglane ved Fjell ungdomsskule. Dette gjerast kvart år.