Ordensreglement

Føremål: Alle elevar og tilsette har rett til å vere i eit trygt miljø der dei kan arbeide, lære, trivast og oppleve gleda av å lukkast.

Ordansreglane vert gjort kjend for elevane og gjennomgått av kontaktlærar ved oppstart av nytt skuleår.

Vi gjer merksam på at omgrepet «skuletida» i ordensreglementet vert definert som den tida eleven oppheld seg på skulen sitt område, altså både før undervisninga/SFO starter og til eleven har forlete skulen sitt område etter undervisning/SFO.

Ordensreglar ved Ågotnes skule

  1. Alle elevar har rett til eit godt fysisk og psykososialt miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Opplæringslova § 9a. 1 og 4
  2. Alle elevar har rett til eit mobbefritt miljø der alle har medansvar for at ikkje nokon opplever krenkande og ulovleg åtferd frå andre.
  3. Alle elevar har rett til å bli høyrde i saker som vedkjem dei. Opplæringslova §2.9. og 3.7.
  4. Alle elevar skal vise omsyn og respekt for andre, bidra til arbeidsro i timane og syne respekt for undervisninga.
  5. Alle elevar møter punktleg og førebudd til timane.
  6. Elevar skal ikkje ha med eller bruke farleg reiskap på skulen.
  7. Det er forbode å ha med eller bruke rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida. Opplæringslova §9.5.
  8. Elevar skal ikkje bruke mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr i skuletida – dette skal vera avslått og liggje i sekken.
  9. Elevane skal til vanleg vere ute i friminutta. Ingen må gå utanom skuleområdet utan at friminuttinspektør eller andre vaksne på skulen har gitt lov.
  10. Ingen skal sykle, skate eller liknande på skuleplassen mellom kl.07.30 og 16.30. *
  11. Elevane skal ikkje ete snop på skulen. Det kan gjerast unnatak ved særskilte høve eller etter avtale med lærar. 
  12. Mobiltelefonen ligg framleis i sekken medan eleven er på busstoppet, samt reiser til og frå skulen med bussen.

*FAU og skule oppmodar om at elevane ventar med å sykle til skulen til dei startar på 5.trinn, dette i tråd med anbefalingar frå Trygg Trafikk.

Sanksjonar ved bort på ordensreglane

  • Samtale, munnleg eller skriftleg åtvaring frå lærar/inspektør/rektor
  • Melding til dei føresette, møte med dei føresette
  • Bortvising i inntil 3 dagar (gjeld ungdomssteget). Elevar på årstrinna 1 – 7 kan visast bort frå undervisninga for enkelttimar eller for resten av dagen. Foreldra til elevar på barnetrinnet skal varslast før det blir sett i verk bortvising for resten av dagen. (Opplæringslova §2.10 – Bortvising, enkeltvedtak med klagerett)
  • Gjensitting eller parade
  • Skifte av gruppe, klasse, skule
  • Nedsett karakter i orden og åtferd
  • Inndraging av mobiltelefon eller anna privat, elektronisk utstyr – vert levert tilbake ved slutten av skuletida same dag.
  • Skadeverk medfører at eleven må rydde opp /utbetre skaden og dei føresette er
  • Erstatningsansvarleg for inntil kr. 5000 (skadeerstatningslova §1.2)
  • Inndraging av ulovlege eller farlege gjenstandar og evt. levering av desse til politiet
  • Ved lovbrot vil rådmannen vurdera å melda saka til politiet (kommunal prosedyre)

Presiseringar

Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:

  • Fotografering av medelevar og leggje bileta på nettet, negativ omtale på nettside
  • negative sms, mms, chat, epost, ryktespreiing
  • rasistiske utsegn og handlingar
  • seksuell trakassering
  • sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn
  • hærverk
  • valdsbruk
  • mobbing
  • trugsmål

Farleg reiskap er til dømes:
- gjenstandar som kan brukast til å skade andre t.d. knivar, stikkereiskap, våpen av ulike slag Rusmiddel: nulltoleranse for tobakk og andre rusmiddel.


Forskrift til opplæringslova, kapittel 3§ 3-5

Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd

  • Grunnlaget for vurdering i orden og i åtferd er knytt til i kva grad eleven opptrer i tråd med ordensreglementet til skolen.
  • Grunnlaget for vurdering i orden er knytt til om eleven er førebudd til opplæringa, og korleis arbeidsvanane og arbeidsinnsatsen til eleven er. Det inneber mellom anna om eleven er punktleg, følgjer opp arbeid som skal gjerast, og har med nødvendig læremiddel og utstyr.
  • Grunnlaget for vurdering i åtferd er knytt til korleis eleven oppfører seg overfor medelevar, lærarar og andre tilsette i og utanfor opplæringa. Det inneber mellom anna om eleven viser omsyn og respekt for andre.

Vurderinga av orden og åtferd skal haldast åtskild frå vurderinga av eleven sin kompetanse i fag.

I vurderinga i orden og i åtferd skal det takast omsyn til føresetnadene eleven har. Til vanleg skal det ikkje leggjast avgjerande vekt på enkelthendingar; unntaket er dersom enkelthendinga er særleg klanderverdig eller grov. Fråvær kan føre til nedsett karakter i anten orden eller i åtferd.