Avtale for lån av utstyr - Chromebook

Øygarden kommune har fokus på læring i teknologirike omgivnader i høve til fagfornyinga.

IKT i skulen

Ei heilskapleg og systematisk satsing på IKT i skulen vil bidra til å styrkje og utvikla elevane sine digitale ferdighetar, og til å jamna ut digital skilnad mellom klassar og skular. Målet er at elevane skal utvikla ein god digital praksis gjennom å arbeida med IKT i alle fag. 

For at dette skal verta ein suksess så treng vi ein forpliktande avtale med elev og foreldre/føresette. Vi legg opp til at kvar elev får utlevert ei eiga maskin til disposisjon.

Vi har eit felles domene som heiter oygardenskule.no. Alle skulane i heile kommunen er ein del av denne løysinga.

Øygarden kommune stiller ein berbar Chromebook (CB) til rådighet for elevar til bruk i skulearbeidet.

CB-en (og tilbehør) er skulen sin eigedom, men vert lånt ut til den einskilde elev. Den skal brukast både på skulen og heime, og eleven har ansvar for å ta vare på CB-en i samsvar med kommunen og skulen sine ordensreglement.

Lenke til låneavtalen: Avtale for lån av utstyr (PDF, 327 kB)