Norr – da gudene breaka

Onsdag 27. september gjesta Absence Ågotneshallen med framsyninga «Norr – da gudene breaket». Elevane på 4. – 7.trinn ved Ågotnes skule fekk lov til å vere publikum, til trass for at framsyninga eigentleg var for ungdomsskuleelevar. Det var elevane våre glade for!

Absence - Klikk for stort bilete

Absence har lang erfaring med å nytte deira fantastiske breake-ferdigheitar til å presentere eit sprudlande show med heilskapeleg forteljing. Det gjorde dei denne gongen også! Aktørane kom heilt inn mellom elevane, noko som skapte ekstra engasjement og auka spenning hos publikum. Elevane vart imponerte over dansen og kom med utrop og kommentarar undervegs. Proff rigg, med ordentleg god lys- og lydsetting, ramma inn forteljinga på ei framifrå måte.

Sjølve forteljinga var inspirert av Voluspå og Snorre Sturlassons Eddadikting. Elevane fekk eit innblikk i norrøn gudetru og vart kjent med Odin, Tor, Balder og Loke.

Fotogalleri

Forestillinga Norr - da gudene breaka med Absence - Klikk for stort bilete