Markering av FN-dagen og English School Day

Denne veka har elevane fått vere med på to samlingar i gymsalen. Måndag var det markering av FN-dagen, som var på sundag, og fredag hadde skulen English School Day.

Heile skule vart samla i gymsalen for å markera FN-dagen - Klikk for stort bilete

Markering av FN-dagen

Måndag var det 5. trinn som hadde hovudansvar for samlinga. Dei hadde øvd på ein heilt ny song, komponert av musikklæraren deira, Gert Erik Nesbø. Saman med 5. trinn fekk heile skulen vere med på urframføringa, og veldig raskt heiv elevane seg med på refrenget! Det svinga skikkeleg bra!

Markering av FN-dagen i gymsalen på skule.  - Klikk for stort bilete

English School Day

Fredag hadde elevane kledd seg i klede som kunne minne om engelske skuleuniformar og målet var å snakke engelsk så mykje som mogeleg gjennom dagen. Rektor Tore Foldnes opna samlinga i gymsalen og ønskte alle velkomen - sjølvsagt på engelsk. Han fekk svar frå ein unison gymsal: "Goog morning, headmaster!"

Markering av English School Day i gymsalen på skulen - Klikk for stort bilete
Markering av English School Day i gymsalen på skulen - Klikk for stort bilete