Dans vêret!

Torsdag 18.november hadde skulen besøk av Hanne Vatnøy (Artist og komponist, HAVA) & Ine Terese Hogstad (dansekunstner, Papirvinger). Saman presenterte dei framsyninga Dans vêret.

Foto frå Dans vêret-infobrosjyre - Klikk for stort bileteFoto frå Dans vêret-infobrosjyre

Før framsyninga i gymsalen, hadde 4A og 4B vore på kvar si workshop med Hanne og Ine. Elevane fekk eit litt djupare innblikk i korleis musikk og dans saman kunne skape eit kunstnarisk uttrykk. 4.trinn nytta workshopen til å øve inn ein dans i lag med Hanne og Ine. 

Ine dansa og Hanne spelte og song for 2., 3. og 4.trinn. Elevane var konsentrerte og lot seg rive med av det enkle og profesjonelle kunstuttrykket. Etter framsyninga hadde dei mange kommentarar om kva dei hadde sett på scena.

Ein ekstra honnør til alle elevane på 4.trinn som stilte sporty opp og viste fram den nyinnøvde dansen framfor 80 elevar og vaksne!