Besøk av den kulturelle skulesekken - “Koristens A-B-C”

Tysdag 9. april hadde vi eit fantastisk fint besøk frå den kulturelle skulesekken.  Torbjørn Kvamme, Karianne Kjærnes og Jorunn Hauge har delt sang- og musikkglede med alle elevane på 5. - 7. trinn. 

Karianne Kjærnes og Jorunn Hauge frå den kulturelle skulesekken - Klikk for stort bilete

Jorunn og Karianne har stått på utallege scener gjennom fleire år, men du har kanskje ikkje sett dei?   Det er fordi dei har stått bak på scena.  Dei har vore koristar for til dømes Aleksander Rybakk og vann Eurovision song contest i 2009.  

Dei har mange andre artistar og tv-program på merittlista si!

I dette “showet” syner dei fram sine vakre stemmer, og lagar litt humor ut av dette med å vere “bakerst” på scena.
Korleis er det egentlig å vere ein så viktig utøver, men så lite synleg?  Dette kan vi reflektere over i mange ulike samanhengar, både store og små.

Med seg på laget har dei askøyværing og pianist Torbjørn Kvamme, kjend frå mellom anna Julemorgen på NRK og samarbeid med artistar som Madcon og Tone Damli.

Framsyninga var til stor glede for både vaksne og elevar. 

Takk for besøket!

Fotogalleri

Besøk av den kulturelle skulesekken - Klikk for stort bilete
Besøk av den kulturelle skulesekken - Klikk for stort bilete
Besøk av den kulturelle skulesekken - Klikk for stort bilete
Besøk av den kulturelle skulesekken - Klikk for stort bilete