17. mai - og besøk på Kålåstunet gard
I tida før 17. mai hadde vi fokus på nasjonaldagen i samlingsstundene. Barna øvde på nasjonalsongen og andre songar, samstundes som vi snakka om kvifor vi feirar 17. mai og kva dagen betyr for oss.
I barnehagen markerte vi dagen med vårt eige 17. mai-tog, og etterpå koste vi oss med både hotdog og is.

Etter 17. mai deltok vi på barnehagestafetten. Barna viste stor innsats og løpeglede gjennom dei 24 minutta stafetten varte. Vi avslutta den aktive dagen med ei hyggeleg fruktstund. Tusen takk til KIWI Ågotnes for frukt som dei sponsa oss med.
Alle førskolebarna fekk óg vera med på ein spennande tur til Kålåstunet gard. Der fekk vi mata dyra og læra meir om kvart enkelt dyr. Til lunsj grilla vi pølser på bålpanna.


Sist endra 10.06.2026 15.12