Utforskar naturen

Det er endelig vår i barnehagen og på avdeling Blåbærtua utforskar vi naturen med temaet «Under ei rot og bakom ein stubbe». 

Barna får vera små oppdagarar som leitar etter liv i skogen og i nærmiljøet. Vi undersøkjer kva som gøymer seg under røter, steinar og stubbar – kanskje finn vi meitemark, biller, maur eller små spirer som veks fram etter vinteren.

Barn med småkryp - Klikk for stort bilete

Gjennom leik, undring og samtalar lærer barna om naturen sine små hemmeligheiter og korleis alt levande høyrer saman. Vi brukar sansane våre til å kjenna, sjå, lukta og lytta til våren som vaknar til liv. Temaet gir rom for nysgjerrigheit, fantasi og gode opplevingar ute i naturen.

Barn i ring rundt eit tre - Klikk for stort bilete