Syngende barnehage

Barnehagen vår er medlem av organisasjonen Syngende barnehage. Vi ønskjer å vera ein syngande barnehage fordi dette er positivt for samspel menneske imellom. Det skapar vennskap, gode relasjonar, tryggleik og fellesskap.

I tillegg viser forsking at vi stolar meir på kvarandre og vert meir hjelpsam når vi syng i lag. Forsking viser også at stresshormonet kortisol går ned og velvære/kjærleikshormonet oxytocin går opp når vi syng. I tillegg til desse positive effektane song og musikk har på den psykiske helsa vår, er det også positivt for språkutviklinga til barna. Spesielt viktig er det for barn med anna morsmål enn norsk, eller for barn som strevar litt ekstra med språket.

Vi har kor for heile barnehagen ein dag i veka. Her kan de gå inn og lesa om Syngende barnehage 

Meir informasjon

De finn meir informasjon på Musikk fra Livets begynnelse
Passord får de i barnehagen.

Gitarar i fargar - Klikk for stort bilete