Kvifor vi valde å fokusera på akkurat mauren er fordi vi har observert at barna har vore veldig nysgjerrige på den lille skapningen. Vi har gjennom vinteren observert maurtuer i naturen og venta spent på at mauren skulle våkna opp frå vinterdvalen.

I prosjektperioden har vi arbeidd med prosjektet med ei tverrfagleg tilnærming. Vi har hatt ein naturfagleg del der vi har eksperimentert med å leggja ulik mat i maurtua for å sjå kva mauren likar best. Vi har studert mauren i mikroskop for å sjå anatomien betre.
Vi har brukt digitale hjelpemiddel som iPad for å laga timelapse-video frå maurtua. Då har vi observert korleis mauren arbeider over tid, til dømes når han tek med seg mat inn i tua. Vi har lært om ulike typar maur, korleis dei lever, og korleis dei ser ut. Dette har gjort det lettare å kjenna att maurartane vi har i og rundt barnehagen. Vi har òg kartlagt maurtuene i barnehagen og stiane mellom dei.
Vi har også hatt ein kunstfagleg del. Der har vi teikna maur med kolstift, og vi har laga modellar av både ei maurtue og ulike typar maur.
Vi har òg teke i bruk nyare digitale verktøy som kunstig intelligens. Det har vi brukt til å laga vår eigen teikneserie om mauren «Milla maur». Barna på Sønnavind har vore med og kome med idear til teikneserien. I arbeidet med «Milla maur» har barna vore kreative, og arbeidet med teikneserien har skapt mykje leseglede i avdelinga.
I dette prosjektet har vi hatt fokus på at barna er viktige bidragsytarar. Difor har vi arrangert idemøte med alle barna i avdelinga. Der har barna kome med innspel og idear til korleis vi kan utvikla prosjektet vidare.
I løpet av prosjektperioden har både barn og vaksne på Sønnavind vorte skikkelege maurekspertar. Difor har vi laga eit eige kunnskapsspel om maur. Spelet heiter «Det store maurspelet». Når barna spelar, lærer dei både fakta om maur og får språklige og matematiske erfaringar.
Vi avslutta maurprosjektet med ei fin utstilling for foreldra på årets sommarfest. Dei andre avdelingane på bygg B stilte òg ut det dei har arbeidd med i prosjektperioden.