Brannvernøving

I september og oktober har alle avdelingane i Ågotnes barnehage hatt fokus på brannvern. Mini Bjørnis kom på besøk og og lærte barna kva dei skal gjera når brannalarmen går.

Vi har gjennomført ei brannøving, der brannalarmen gjekk og alle barna stilte seg i brannrekke. Deretter gjekk vi til den avtalte møteplassen ved brann.

Avdeling Revehiet har laga Ågotnes sin lengste brannbil saman med barna.

På avdeling Skogstjerne og Revehiet avslutta vi prosjektet med ein skumfest ute, kjempekjekt for både små og store.

Hjelmer til øving i brannvern - Klikk for stort bilete