Godt språkarbeid i barnehagen er viktig for opplevingar, venskap, deltaking i leik og for seinare læring.
Hausten 2025 utvida vi difor satsinga på lesing og språk til også å inkludera foreldra. Vi la barnebøker i bokposer som foreldra kunne låna med seg heim.
Bøkene er valde ut etter aldersgrupper og med fokus på god barnelitteratur som fengjer barna. Vi trur at lett tilgang på gode barnebøker aukar høvet for at foreldre skaper gode lesevanar for barna sine. Det skal ikkje så mykje til.
Korte lesestunder aukar ordforrådet til barna og utvidar språket deira, og barnet vil etter kvart sjølv lika å lesa.
Sist endra 07.10.2026 12.43