Tyra Teodora Tronstad
  • Hending

Folk som hater lokalhistorie. Forfattarsamtale med Tyra Teodora Tronstad

Dato

Torsdag 26. november 2026

Tidspunkt

kl. 19.00 - 20.00

Stad

Øygarden innbyggartorg og bibliotek, Straume bibliotek

Last ned kalenderfil (.ics)

Møt forfattaren av den kritikarroste boka "Folk som hater lokalhistorie" på biblioteket hos oss, i samtale med vår eigen Åshild Andersson Øyre.

Handlinga i romanen utspelar seg i ei norsk bygd og skildrar avstanden mellom dei som dro av stad og dei som blei igjen.
I Stor-Elvdal finst det mange typar folk, mange typar hus, mange typar Gud og kanskje ein helt eigen type kvinand som hekker nede ved elva. Og det finst folk som hatar lokalhistorie.

I heimbygda til Gunn har faren Ingemar blitt stille og rar. I nabohuset er barndomsvenen Pelle sjukemeldt frå snøbrøytinga på Riksvei 3. Dei to har ikkje snakka saman på årevis, men når hun kjem hjem frå Oslo, blir dei nødt. Ein gong spelte dei i band. Ein gong hadde Gunn ei søster. Ein gong hadde Pelle ei mor som huska ting, og ei bestemor som dro til Oslo og blei gravid med en fyr fra Færøyene.

Ei fortelling om små og store hendingar, liv som raknar, og liv som limast saman igjen. Og om bygdejenter som må finne ut kven de er, anten de er landskjende akademikarar eller fjortenåringar som gamer i kjellerstova.

Dette er ein roman med brei folkeleg appell og med eit stort nedslagsfelt, ikkje berre for folk som likar eller hatar lokalhistorie.
 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Om staden

Namn

Øygarden innbyggartorg og bibliotek, Straume bibliotek