Jeg fant, jeg fant
  • Hending

Jeg fant, jeg fant. Barneteater ved Askeladden friteater.

Dato

Lørdag 18. april 2026

Tidspunkt

kl. 11.00 - 11.30

Stad

Øygarden innbyggartorg og bibliotek, Skogsskiftet

Bli med på teater på biblioteket i Skogsskiftet!

Asbjørnsen og Moe møter kvarandre og tar med publikum til eventyrriket der vi finn Askeladden, troll og bukkane bruse.

I framsyninga «Jeg fant, jeg fant!» møter to forfattarar publikum, nærare bestemt Asbjørnsen og Moe. Etter noko klabb og babb er dei i gang med å fortelja eit eventyr, nemleg om Askeladden.

Askeladden er ute på tur og gjer det han gjer best, finn ting! Brørne hans, Per og Pål meiner at det meste skal skrotast, men Askeladden tar vare på alt han finn. Og på sin tur møter han på kjerringa med nesa i stubben, sjølvaste prinsessa, finn fela til Veslefrikk, og jommen dukkar det ikkje opp eit digert troll også. Trollet har diverre ikkje skremt nokon på lenge, men Askeladden veit råd, og vips, så er Bukkane Bruse innom på besøk.

Framsyninga varer i ca 30.min, og passer godt for barn mellom 3 og 100 år, og vi har god erfaring med at dei minste i barnehagen ser på, med de vaksne bakerst.

Produsert og fremført av Askeladden Friteater

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Øygarden innbyggartorg og bibliotek

Om staden

Namn

Øygarden innbyggartorg og bibliotek, Skogsskiftet