Velkommen til kurs i botanisk teikning med illustratør og kunstnar Katrin Berge. Kurset har fokus på grunnleggande teikneferdigheiter med eit naturalistisk uttrykk der vi teiknar små studier inspirert av vitenskapelig botanisk teikning. Eit langbord blir dekka på med tørka botanikk og eit utval bøker om botanikk og botanisk teikning, samt profesjonelt teikneutstyr som ein får låne på kurset. Alle får individuell veiledning undervegs og lett servering med snacks og kaffi/ te. Kurset krever ingen forkunnskap, alle kan delta uansett kva nivå dei ligg på teikneteknisk.
Om kursleiar: Katrin Berge er ein 42 år gammal kunstnar utdanna frå Kunst- og Designhøgskolen i Bergen (KMD) med ein mastergrad i Visuell kommunikasjon og illustrasjon (2010). Berge kjem opprinnelig frå Fosnavåg i Herøy, men har vore fast busett i Bergen sidan 2004. Berge jobbar med blyantteikning og lagar naturalistiske og detaljerte teikningar med dyr og natur i fokus.
Aldersgrense er fra 16 år og oppover.
Du treng ikkje ta med utstyr til kurset, men kan sjølvsagt ta med eigne teiknesaker om du har lyst. Velkomen!
Påmelding på https://oybib.hoopla.no/
Kursa hos oss blir raskt fullteikna, og har vanlegvis venteliste, så om du har meldt deg på og likevel ikkje kan koma, må du gje oss ei melding, slik at ei frå ventelista kan få sleppa til.