Du finn no rebusar i turløypa eller område rundt dei tre dagsturhyttene i kommunen, Veten, Rambua og Larslibua. Løyser du alle tre rebusane har du 3 lodd i trekninga.
Vi har plassert ut postar med ein tallkode langs desse løypane. Til saman dannar postane i ei løype ei setning som du skal prøve å løyse. I dei rosa felta finn du kodane. Har du høyrt historia på Sommarles.no kan det hjelpa deg på vegen, men kanskje klarar du det utan også.
Når du har løyst rebusen, kom innom eitt av
biblioteka våre, registrer løysinga og namnet ditt og du er med i trekninga av eit Trillobitt-fosil som er om lag 380 millionar år gamal! (Som den du ser på bilete).
God tur!