Innbyggartorg og bibliotek på Sator Storsenter
  • Repeterande aktivitet
  • Hending

Språkkafé for innvandrarar - Straume

Dato

Onsdag 3. september 2025

Tidspunkt

kl. 13.00 - 14.30

Stad

Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter

Velkomen til Språkkafé for innvandrarar på Straume bibliotek. 

Målgruppe

Innvandrarar som ønskjer å praktisera norsk munnleg.

Samarbeid

Språkkafé er eit tett samarbeid mellom Øygarden frivilligsentral, Øygardsbiblioteka og integrerings- og læringssenteret. Her møtast vi kvar veke for uhøgtideleg prat og språktrening. Biblioteket har lokale og gjer klart bord og stolar og frivilligsentralen har kontakt med dei frivillige. For nokre av deltakarane er språkkafé ein del av timeplanen når dei går på introduksjonsprogrammet, mens andre er med fordi dei ønskjer å praktisera norsk og møta nordmenn. Tilbodet er gratis og open for alle!

Servering

Vi serverar kaffi og te.

Bli frivillig

Tilbodet er veldig populært og vi ønskjer oss fleire dyktige frivillige som ønskjer å vera snakkepartnar! Har du eller nokon du kjenner lyst til å vera med? Alle som snakkar norsk kan bidra! Er du innvandrar og ønskjer å øva norsk er du også velkomen!

På nettsida frivillig.no finn du meir informasjon og påmelding. Du kan også ta kontakt med frivilligsentralen på e-post frivillig@oygarden.kommune.no eller telefon 907 19 143.

Fotogalleri

Språkkafé på innbyggartorget og biblioteket på Sartor Storsenter - Klikk for stort bilete

Foto: Farshid Amini, Øygarden kommune

Dagar aktiviteten går føre seg

August

  • 20.08.2025
  • 27.08.2025

September

  • 03.09.2025
  • 10.09.2025
  • 17.09.2025
  • 24.09.2025

Oktober

  • 01.10.2025
  • 15.10.2025
  • 22.10.2025
  • 29.10.2025

November

  • 05.11.2025
  • 12.11.2025
  • 19.11.2025
  • 26.11.2025

Desember

  • 03.12.2025
  • 10.12.2025
  • 17.12.2025

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Innbyggartorg og bibliotek på Sartor Storsenter