• Attgåande aktivitet
  • Hending

Reparasjonskafe

Dato

Onsdag 19. mars 2025

Tidspunkt

kl. 18.00 - 21.00

Stad

Innbyggartorg og bibliotek | Sartor Storsenter

Tenk på miljøet, reparer brukbare klede på vårt nyttige og sosiale reparasjonsverkstad.

Reparasjonskafe med Sabine Gottwald canva

Har du eit plagg som trengs å fiksast, men veit ikkje heilt korleis? Kom på reparasjonskafé hos oss på biblioteket på Straume
Denne våren fortset vi med reparasjonskafe ein gong i månaden, med "kafévert", skreddar og redesignar Sabine Gottwald:
26. februar
19. mars
23. april
14. mai
Sabine har allereie hatt ein del sykurs og føredrag hos oss, og er ein engasjert og kunnskapsrik person som liker å ta vare på det som finst frå før, og gje nytt liv til gamle tekstilar.
Dette er et lågterskel tilbod som krev minimalt med førehandskunnskap, det er berre å møte opp!
Inga påmelding. Vi har nokre symaskinar tilgjengelege, men ta gjerne ditt eige utstyr med, for å bli meir trygg på dette.
Vel møtt!
Repair cafe for clothing
Learn to mend clothes! Bring one or more garments you want to fix! We have the equipment and the knowledge, and you can borrow sewing machines.

Tenk ombruk! Ta vare på det du har, og reparer det du kan.

Dagar aktiviteten går føre seg

Mai

  • 14.05.2025

Praktisk informasjon

Blir arrangert av

Øygarden innbyggartorg og bibliotek