SFO på Rong skule hadde konsert i gymsalen

Onsdag 17. november vart føresette, småsøsken og besteforeldre invitert til konsert i gymsalen.

Elevar frå SFO hadde konsert på Rong skule - Klikk for stort bilete

Gymsalen vart fylt opp av forventningsfulle vaksne, med håp om å få sjå sine håpefulle på scena. Alle barna på SFO viste seg fram med sang og andre aktivitetar.

Det var «kjempestemning» i salen, med trampeklapp og heiarop. Dette vart ein ettermiddag der både barn, førestte og tilsette koste seg i lag.