Redusert foreldrebetaling - SFOÅrleg foreldrebetaling i SFO for eleven skal ikkje utgjera meir enn 6 prosent av inntektene til hushaldet.Foreldre må søkja om redusert foreldrebetaling.Når kommunen innvilgar søknaden, justerer vi prisen for SFO‑plassen slik at betalinga ikkje overstig 6 prosent av inntekta i hushaldet.Det er enkelt å søkja. Du treng ikkje lasta opp vedlegg, fordi Øygarden kommune hentar inn dei likningsopplysningane som er nødvendige for å behandla søknaden.Dersom du har andre opplysningar om inntekta i hushaldet som ikkje kjem fram av skattemeldinga, må du lasta opp dokumentasjon og senda denne elektronisk saman med søknaden.Slik søkjer duDu søkjer via Vigilo foreldreportal under menypunktet Søknadar. Søk om redusert foreldrebetaling SFO via Vigilo foreldreportalSøknadsbehandling HushaldMed hushald meiner vi ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar.Som sambuarar reknar vi to ugifte personar over 18 år som bur saman, og som har budd saman i eit ekteskapsliknande forhold i minst 12 av dei siste 18 månadene, eller som har felles barn.Er søkjaren sambuar utan felles barn, må søkjaren opplysa kommunen om dette.Bur foreldra til barnet kvar for seg, og bur barnet fast hos begge foreldra, legg kommunen til grunn inntekta i hushaldet til den forelderen som har same folkeregistrerte adresse som barnet, når vi vurderer etter denne føresegna.InntektMed inntekta i hushaldet meiner vi samla brutto personinntekt etter skattelova kapittel 12, samt skattepliktig kapitalinntekt.Dersom skattestyresmaktene ikkje kan utlevera grunnlaget for siste fastsetjing av formues- og inntektsskatt for hushaldet, og kommunen av den grunn ikkje kan fatta vedtak før 1. august, må kommunen be søkjaren om å levera skattemeldinga for det siste året. Søkjaren må i tillegg leggja ved dokumentasjon på eventuell skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje er førehandsutfylt.Betaling for kostBetaling for kost kan koma i tillegg.InntektsgrenserForeldrebetalinga for SFO i Øygarden varierer både etter plasstype ved den enkelte skulen og mellom skulane.Sjå oversikta under for å finna samanhengen mellom plasstype og inntektsnivå i hushaldet. InntektsgrenserType plassPris per månad for SFOÅrleg betaling for SFOInnslagspunkt der årleg betaling blir 6%Heil plass (gjeld Tjeldstø)3 40034 000566 667Heil plass ordinær3 00030 000500 000Redusert plass2 40024 000400 000Etter skuletid 3 timar (gjeld Tjeldstø)2 40024 000400 000Etter skuletid 3 timar2 10021 000350 000Etter skuletid 2,5 timar1 75017 500291 667Morgonopphald1 00010 000166 667 Prisar for SFO-plass - 1., 2. og 3. klassingarFrå skulestart hausten 2024 får også barn på 3. trinn gratis SFO i 12 timer kvar veke. Det betyr at 1., 2. og 3. klassingar som har deltidsplass som er inntil 12 timer i veka vil få denne gratis, og at prisen for et heiltidstilbod også vil bli rimelegare. DømeEit hushald med ei årleg inntekt på 400 000 kr får denne reduksjonen:6 prosent av 400 000 kr = 24 000 krDet betyr at den årlege foreldrebetalinga for SFO ikkje skal vera høgare enn 24 000 kr for eleven frå dette hushaldet.Døme på utrekning:Ordinær heil SFO‑plass: 2 795 kr per månad(27 950 kr per år)Maks betaling etter 6‑prosentregelen: 24 000 kr per årForskjell: 3 950 krDen årlege foreldrebetalinga vert dermed redusert med 3 950 kr.Kommunen justerer den månadlege SFO‑fakturaen i tråd med vedtaket. Sist endra 19.05.2026 12.42