Inspeksjonsrutinar

1.2 Vakt og tilsynsordningar

Sjekkpunkt for vakt og tilsynsordningar i friminutta:

1. Alle som har vakt ber vestar som gjer dei synlege i skulegard/uteområde.

  • Ytterlegare konkretisering: Vakter på den ordinære vaktlista skal bere vest. Vestane skal ha Zero- logo og godt synlege namn, både framme og bak.
  • Ansvarleg: Inspektør og Sfo leiar har ansvar for at vestar er tilgjengelege. Vaktene har ansvar for å ha på vesten. Kvar einskild har ansvar for å merke vesten med namn. Vikarar får vest merka vikar, studentar får vest merka studentar.

2. Dei som har vakt skal ha tilsyn med alle områda på skulen sjølv om ein ikkje kan vere til stades over alt heile tida.

  • Ytterlegare konkretisering: Skuleområdet er delt inn i vaktsoner, Vaktene gjer seg godt synlege mellom anna ved å sirkulere, vere aktiv og oppsøkjande.
  • Ansvarleg: Planar: Sfo-leiar og inspektør. Utøving av vakt: Alle som har tildelt vakt.

3. Skulen har eit område som er ekstra sikra. Her er det alltid ein vaksen til stades. Det veit alle elevar om.

  • Ytterlegare konkretisering: Under tak ved utgang B blir ei eiga vaktsone, vakta skal ikkje forlate vaktsona. I Sfo-tida er den sikre vaktsona Sfo-romma og Sfo-kjøkenet.
  • Ansvarleg: Vaktplanar: Sfo-leiar og inspektør. Utøving av vakt: Alle som får tildelt vakt.

Den einskilde sitt ansvar ved vakt og tilsynsordningar

  • Alle vakter startar til oppsett tid. Vaktskifte skjer ute på vaktområda og vakta møter presist på det aktuelle området.
  • Om elevar er ute i tider som ikkje er dekka av vaktlista, er det den vaksne som har elevane som har ansvaret.
  • Konfliktar og hendingar må takast alvorleg og melding til kontaktlærar må gis raskt. Eventuelt vidare handling avklarar vakt med kontaktlerar.
  • Sirkulere og være tilgjengeleg
  • Motivere og rettleie elevar som er einsam til vere med i leik
  • Vere positive og bygge gode relasjonar til elevane
  • Ved vaktavbrot må ein signalisere til andre vakter at dei må ta over området.
  • Ved lengre avbrot må ein annan ta seg av årsaka til at ein forlet vaktområdet, eller ta over vaktområdet resten av vakttida.
  • Observere samhandling mellom elevar.

Dersom kontaktlærar er borte forholder vakt seg til vikar/ressurslærer på trinnet.