Tilvalsfag

Tilvalsfag er to timar i veka på ungdomstrinnet kor elevane hos oss kan velje mellom eitt av språkfaga:

Tysk
Fransk
Spansk

Eller engelsk fordjupning. Dette reknast IKKJE som eitt av dei 2.framandspråka.

Eit alternativ er å velje arbeidslivsfag (ALF) som er eit praktisk fag.

Valet vert gjort for tre år. Omval kan gjerast i samråd med skulen fram til nyttår på 8. trinn. 

Etter dette krevjast det søknad til rektor, og berre særskilte grunner gir grunnlag for byte av fag.

Framandspråk, engelsk fordjuping og ALF er obligatoriske fag med til saman 227 timar fordelt på 3 år i ungdomsskulen.  Elevane har då faget to timar per veke. 

Elevene skal ha standpunktkarakter i faget og kan bli trekt ut til munnleg eksamen på 10. årstrinn. Karakteren tel ved inntak til vidaregåande opplæring.

Framandspråk

  • Fransk
  • Spansk
  • Tysk

Studieførebuande utdanningsprogram

  • Elevar som vel eit studieførebuande utdanningsprogram, må ha eit 2. framandspråk. (studiespes, studiespes m/ formgjeving, idrettsfag, musikk, dans og drama, kunst, design og arkitektur, medier og kommunikasjon).
  • Elevar som har hatt språk i 8 -10 klasse, har framandspråk i VG1 og VG2. Elevar utan framandspråk i 8 -10 klasse, må ha framandspråk i VG1, VG2 og VG3.
  • Elevar som vel yrkesfag har ikkje 2. framandspråk
  • I dei studieførebuande utdanningsprogramma vil elevar som må ha framandspråk i VG3 ikkje ha timar til naudsynte programfag.

Vel språk dersom studieførebuande utdanningsprogram

  • Elevar som allereie no veit dei vil velje eit studieførebuande utdanningsprogram bør velgje framandspråk på ungdomsskulen.
  • Elevar kan og få studiekompetanse gjennom yrkesfaga.

 

Engelsk fordjuping

 

Arbeidslivsfag (ALF)

Faget er eit tilbod til alle elevar. Læreplanen bygger på element frå yrkesfag i den vidaregåande skulen. Faget er eit praktisk alternativ til 2. framandspråk/engelsk fordjuping.

Elevane skal

  • Planlegge, gjennomføre og dokumentere praktiske oppgåver
  • Få kunnskap om relevante materielaer, utstyr, tenester og økonomi.
  • Få kunnskap om HMS
  • Lære samarbeid og service, halde orden, samarbeide og følgje etiske normer.

Det er ulikt frå år til år kva fag ein startar på dei ulike trinna.

Det kan være TIP, byggfag, naturbruk/hundebruk, media og kommunikasjon, mat og restaurantfaget.

 Les meir om ALF på Udir sine sider

Dette gjeld for alle faga

Faga vert vurdert med karakter – elevane vert trekt ut til munnleg eksamen – karakterane tell ved inntak til vidaregåande opplæring – alle alternativa gjev rett til inntak til alle utdanningsprogramma i den vidaregåande skulen.