I tillegg innleier det utfyllande skulereglementet med fem respektreglar som er henta frå programmet Respekt. Desse er sentrale i å gjere skulen til ein trygg og triveleg stad å vere:
Dei fem respektreglane til Tranevågen er:
- Vi møter presis og førebudd til undervisning
- Vi følgjer dei vaksne si rettleiing
- Vi held orden og tek vare på tinga rundt oss
- Vi respekterer at alle treng arbeidsro
- Vi snakkar fint til og om kvarandre og behandlar alle med respekt.
§4 orden
b) Ha orden på tinga sine og halde det reint og ryddig i klasserom og i gang.
Alt kantineutstyr som t.d. tallerkar, koppar, bestikk m.m skal kun nyttast i kantina og leverast inn etter bruk.
Yttertøy inkludert utesko, lue og caps skal oppbevarast i garderoben. Elevane skal nytte innesko når dei er inne i skulebygget.
e) Følgje skulen sine reglar for opphald i friminutt
Skulen sitt område for friminutta er asfaltert uteplass rundt skulen. På baksida og sidene av skulen går grensa ved inngang til skogareal. På framsida kan elevane opphalde seg på kunstgrasbana, sandvolleyballbana og basketballbana. Skulen si ytre grense på framsida går ved enden av kunstgrasbana.
f) Følgje skulen sitt ordensreglement for bruk av digitalt utstyr.
Skulen har utfyllande reglar for bruk av digitalt utstyr. Sjå under §10.
g)Ha mobiltelefon/smartklokke og anna elektronisk utstyr avslått i skule-og UFO-tida og oppbevare dei i tråd med skulen sine utfyllande reglar, om ikkje anna er avtala med rektor.
Mobiltelefonar skal leverast inn i mobilhotell ved starten av skuledagen. Elevane får mobilane utlevert ved slutten av skuledagen.
Anna utstyr som airpods/headset/ipad eller private pc’ar skal vere avslått og ikkje vere synleg framme.
Elevar som tar med slikt utstyr på skulen gjer det på eige ansvar. Skulen er ikkje pliktig til å erstatte dette ved ev. tap
Kommunikativt digitalt utstyr skal leverast inn i samband med prøver og eksamenar.
§5 Åtferd
d) Det er forbode å ta med og bruke røykesaker, tobakk, snus eller andre rusmiddel på skuleområdet. Dette gjeld også arrangement utanom skuletida.
All bruk av reklame av, eller reklame/ symbol for tobakk, snus eller andre rusmiddel på skulen sitt område er ikkje lov.
Det er ikkje lov å ha med, obbevare eller drikke energidrikk i skuletida.
Vi tek vare på vår eiga og andre si helse. Sunn mat gjev god læring, og vi tek til vanleg ikkje med oss snop, snacks og brus på skulen.
Med bakgrunn i §2 Verkeområde i Forskrift om skulereglar og skuledemokrati for kommunale skular i Øygarden kommune, så har skulen følgjande utfyllande skulereglement for åtferd på skulebussen:
- elevar ber eit felles ansvar for at det skal vere trygt og triveleg å ta skulebussen.
- elevar skal opptre på ein måte som er respektfull for medpassasjerar og sjåfør
- elevar skal ikkje opptre på ein måte som set medpassasjerar og sjåfør sin trafikktryggleik i fare
- Forskrift for skulereglane til Øygarden kommune og skulen sine utfyllande reglar gjeld også på skulebussen.
- Dersom ein elev er involvert i grove eller gjentakande hendingar som går ut over medpassasjerar/ og eller sjåfør, så kan eleven bli utvist frå skulebussen for 1-3 dagar.
Presiseringar:
Krenkande og ulovleg åtferd er til dømes:
- Fotografering av medelevar og utlegg av bilete og/eller negativ omtale på nettet.
- Negative sms, mms, chat, e-post ryktespreiing
- Rasistiske utsegn og handlingar
- Seksuell trakassering
- Sjikane på grunn av religion, legning eller livssyn Hærverk
- Valdsbruk
- Mobbing
- Trugsmål
Ved straffbare høve vert politiet kontakta. Straffbare høve kan vera tjuveri, lekamsskading, tvang, truslar mm. Slike høve kan og føre til nedsett åtferdskarakter.
§10: Digitalt ordensreglement og bruksvilkår for digitalt utstyr
Skulen sitt utfyllande reglement for bruk av digitalt utstyr
Merk dykk at de skal skrive under ei eigen leigekontrakt for Chromebook. Der gjeld ein eigen avtale.
1. Føremål
- Målgruppa for reglementet er elevar i skulen.
- Reglementet avklarar akseptabel bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi for målgruppa.
- Reglementet søkjer å hindre utilsikta og uønska hendingar.
- Reglementet vil verne om brukarar og tryggje den pedagogiske læringssituasjonen.
- Reglementet skal bidra til å avgrense roller, rettar og plikter for elevar og kommunen.
2. Omfang
- Bruk av kommunen sitt IKT-utstyr som vert disponert ved skulane.
- Bruk av privat IKT-utstyr i skulesamanheng og/eller via kommunen sitt nettverk.
- Bruk av programvare som kommunen har gjort tilgjengeleg.
- Publisering av innhald på nett og kommunikasjon ved bruk av privat eller kommunalt IKT-utstyr.
- Elevar sin IKT-bruk utanom skuletid er i utgangspunktet heimen sitt ansvarsområde, men åtferd som har tydeleg tilknyting til skulen kan likevel falle inn under skulen sitt ansvarsområde.
3. Eleven sine rettar
- Eleven har rett til opplæring i bruk av IKT for å kunne oppnå krava om IKT- kompetanse nemnt i Kunnskapsløftet.
- Eleven har rett på tilgang til velfungerande IKT-utstyr i undervisninga.
- Alle elevar har rett på lik tilgang til IKT-utstyr i samband med gjennomføring av digital eksamen og nasjonale prøver.
- Eleven har rett til å bli informert om innhaldet i IKT-reglement gjeldande for skulen.
- Kommunen kan berre utlevere opplysningar om ein enkelt elev, eller data som tilhøyrer ein elev, der dette kjem fram av inngått samtykkje, vedtekne reglement eller følgjer av anna lovgjevande føreskrifter.
- Eleven har rett til å få med seg private data som skulen ikkje lenger har høve til å ta vare på.
- Skulen vil slette alle personopplysningar om elevane som den ikkje lenger har bruk for, men dette gjeld ikkje dersom skulen er lovpålagt å oppbevare opplysningane.
4. Eleven sine plikter
- Elevar pliktar å følgje skulen sine pålegg og instruksar om bruk av IKT-utstyr
- Elevar på ungdomstrinnet pliktar å sette seg inn i den informasjonen som skulen gjev om reglar og vilkår for bruk av IKT-utstyr.
- IKT-utstyret som er plassert ved den enkelte skule skal handsamast fint.
- IKT-utstyr som vert brukt i skuletida skal berre nyttast til skulerelaterte oppgåver.
- I skuletida skal privat IKT-utstyr, som mobiltelefonar, bærbare datamaskiner og liknande, berre nyttast etter avtale med skulen.
- Chat, spel, privat e-post eller generell surfing skal berre skje etter avtale med skulen.
- Publisering av innhald på nett og kommunikasjon gjennom kommunen sitt IKT- utstyr skal på ingen måte innehalde tekst, bilete, lyd eller video som er av støytande art, eller som heng ut enkeltpersonar eller grupper.
- Digital mobbing skal ikkje førekome uavhengig om det skjer gjennom eige eller kommunen sitt IKT-utstyr.
- Brukarnamn og passord skal haldast hemmeleg og skal berre nyttast av den aktuelle eleven.
- Elevar kan ikkje installere eigen programvare på kommunen sitt IKT-utstyr.
- Installasjon av programvare på PC-ane som fører til at uvedkomande får tilgang til kommunen sitt nettverk skal ikkje førekome.
- Eleven pliktar å gjere så godt han/ho kan for ikkje å bringe virus eller anna øydeleggjande programvare inn i kommunen sitt IKT-utstyr.
- Eleven pliktar å bruke godt nettvit når han/ho nyttar kommunen sitt IKT- utstyr.
- Eleven pliktar å undersøkje og respektere opphavsretten til materiale som tekst, bilete, musikk, film eller lyd som vert lagt ut på heimesider, fellesområde og bloggar.
- Eleven må få samtykkje frå medelevar/føresette til å leggje ut bilete, lyd og video av dei.
- Elevar pliktar å varsle skulen ved mistanke om at andre bryt reglementet.
5. Inngrep og sanksjonar
- Brot på IKT-reglane kan føre til sanksjonar frå skulen/kommunen.
- Skulen har eit ansvar for å gripe inn ovanfor elevar som mobbar eller trakasserer lærarar eller andre elevar.
- Bruk av skulen sitt IKT-utstyr som er i strid mot norsk lov kan bli anmeldt.
- PC’ar som vert nytta under eksamen kan bli kontrollert før og etter gjennomførd eksamen for å avdekke forsøk på juks.
- Elevar som mobbar, diskriminerer eller trakasserer andre ved bruk av kommunen sitt IKT-utstyr kan bli utestengt frå all IKT-bruk i ein periode fastsett av skulen. Særskilt alvorlege hendingar kan bli anmeldt.
- Elev som utøver skade på kommunen sitt IKT-utstyr kan bli halden erstatningsansvarleg.
- All datatrafikk ved den enkelte skule kan bli logga.
- Brot på IKT-reglementet kan også føre til sanksjonar forankra i skulen sitt generelle ordensreglement.
6. Ansvarsfråskriving
- Kommunen er ikkje ansvarleg for tap av data eller skade på IKT-utstyr som skuldast tilhøve utanfor kommunen sin kontroll.