Nærvær og inkludering (Trygg i fellesskap)

Gjennom dei siste åra har vi sett at fleire og fleire barn og unge har bekymringsfullt fråvær i barnehage og skule. 

Logo for Trygg i fellesskap - Klikk for stort bilete

Nærvær og inkludering i barnehage i Øygarden kommune ønskjer å auke kompetansen i barnehage og skule knytt til denne problematikken slik at vi kan bli betre på å førebygge ufrivillig fråvær og utanforskap, men og hjelpe dei som har bekymringsfullt fråvær og som kanskje ikkje har vore på skulen på veke- eller månadsvis. Samordning mellom tenestene er viktig i ein komplisert problematikk som dette. «Nærvær og inkludering» er samansett av tilsette frå PPR, FOR, Ungdomsstenesta og Trygg i fellesskap.

Nærvær og inkludering i barnehage og skule i Øygarden kommune hjelper til i saker der barn og elevar har vanskar med på komme i barnehagen eller på skulen. Gjennom samtale med barnet, foreldre og barnehage/skule og evt andre, vert ulike tiltak vurdert. 

Satsinga er under arbeid og eit resultat av dette vil vere ein digital handlingsplan som vil følgje BTI (Betre tverrfaglege innsats) sine nivå 0-3.