Ordensreglement

Toftøy skule er vår arbeidsplass der alle skal trivast, kjenna seg trygge og ha rett til å læra. Ordensreglement, saman med skulereglane våre, skal hjelpe oss til å få eit trygt og godt læringsmiljø.

  1. Du har ansvar for å halde deg innafor det området som er definert som skuleområde i skuletida.
  2. Du har ansvar for å møte i rett tid til timane og passe på ha med deg dei skulesakane du treng til ein kvar tid. Du har og ansvar for å gjere det skulearbeidet du vert pålagt så godt du kan og til rett tid.
  3. Du skal vise respekt og ta vare på skulen sine bøker, utstyr, inventar og bygningar.
  4. Du skal vise respekt og omsorg for alle med elevar og vaksne. Dersom nokon kjem opp i konflikt skal dei alltid gje beskjed til ein vaksen. (jfr. Opplæringslova §9a-1)
  5. Du skal ikkje banne eller bruke sårande eller krenkande språk.
  6. Du skal ikkje kaste gjenstander slik som inventar, steiner, snøball o.l.
  7. Vi skal ikkje akseptere vold på skulen. (nulltoleranse)
  8. Det er foreldra som avgjer om eleven får sykle på skuleveg eller ikkje. Syklar skal vera parkert i sykkelstativ og ikkje nyttast i skuletida.
  9. Dersom du har med deg  personlege eigendelar, har du ansvar for at desse ligg i skulesekken til skuledagen er over. Skulen erstattar ikkje personlege eigendelar som vert øydelagt.  
  10. Mobiltelefon og anna elektronisk utstyr, som til dømes klokker, skal leverast inn ved skulestart kvar dag.
  11. Du og alle ved skulen har eit ansvar for å halde god orden på skulen, både inne og ute.

Ved brot på reglande 

  • Den som bryt reglane må stå til ansvar for det. Alle skal få høve til å rette opp att eller gjere godt igjen. Dette kan skje på individuelt vis.
  • Heimen vert kontakta når det er naudsynt.
  • Ved uforsiktig handsaming av skulen sitt utstyr / inventar kan eleven verta pålagt å utbetra skaden t.d. gjennom å rydda , vaske opp frå golv eller liknande. I nokre høve ved grov aktløyse, kan heimen og verta pålagt å erstatta skaden.
  • I alvorlege brot på reglande kan rektor vise bort elev i inntil ein dag. Foreldre vert alltid varsla i forkant dersom slikt tiltak vert nytta. Dette er å sjå som eit enkeltvedtak med klagerett.

Lovheimlar

Opplæringslova §2-9 , §2-10, § 3-7, opplæringslova §9a-1 , forskrift til opplæringslova §12-1, forvaltningsslova §2

Dokument

Ordensreglement skal gjerast kjend for elevar og føresette kvart år og det skal underteiknast. *Reglane var på høyring til alle i skulesamfunnet (FAU, elevråd ) og vart godkjend i SU i 2015. 

Ordensreglement (PDF, 81 kB)