Toftøy skule er vår arbeidsplass der alle skal trivast, kjenna seg trygge og ha rett til å læra. Ordensreglement, saman med skulereglane våre, skal hjelpe oss til å få eit trygt og godt læringsmiljø.
- Du har ansvar for å halde deg innafor det området som er definert som skuleområde i skuletida.
- Du har ansvar for å møte i rett tid til timane og passe på ha med deg dei skulesakane du treng til ein kvar tid. Du har og ansvar for å gjere det skulearbeidet du vert pålagt så godt du kan og til rett tid.
- Du skal vise respekt og ta vare på skulen sine bøker, utstyr, inventar og bygningar.
- Du skal vise respekt og omsorg for alle med elevar og vaksne. Dersom nokon kjem opp i konflikt skal dei alltid gje beskjed til ein vaksen. (jfr. Opplæringslova §9a-1)
- Du skal ikkje banne eller bruke sårande eller krenkande språk.
- Du skal ikkje kaste gjenstander slik som inventar, steiner, snøball o.l.
- Vi skal ikkje akseptere vold på skulen. (nulltoleranse)
- Det er foreldra som avgjer om eleven får sykle eller nytte andre framkomstmiddel på skuleveg eller ikkje. Syklar, sparkehjul, brett o.l. skal vera parkert i sykkelstativ eller plassert på eigna plass, og ikkje nyttast i skuletida.
- Dersom du har med deg personlege eigendelar, har du ansvar for at desse ligg i skulesekken til skuledagen er over. Skulen erstattar ikkje personlege eigendelar som vert øydelagt.
- Mobiltelefon og anna elektronisk utstyr, som til dømes klokker, skal leverast inn ved skulestart kvar dag.
- Du og alle ved skulen har eit ansvar for å halde god orden på skulen, både inne og ute.
Ved brot på reglande
- Den som bryt reglane må stå til ansvar for det. Alle skal få høve til å rette opp att eller gjere godt igjen. Dette kan skje på individuelt vis.
- Heimen vert kontakta når det er naudsynt.
- Ved uforsiktig handsaming av skulen sitt utstyr / inventar kan eleven verta pålagt å utbetra skaden t.d. gjennom å rydda , vaske opp frå golv eller liknande. I nokre høve ved grov aktløyse, kan heimen og verta pålagt å erstatta skaden.
- I alvorlege brot på reglande kan rektor vise bort elev i inntil ein dag. Foreldre vert alltid varsla i forkant dersom slikt tiltak vert nytta. Dette er å sjå som eit enkeltvedtak med klagerett.
Lovheimlar
Opplæringslova §2-9 , §2-10, § 3-7, opplæringslova §9a-1 , forskrift til opplæringslova §12-1, forvaltningsslova §2
Dokument
Ordensreglement skal gjerast kjend for elevar og føresette kvart år og det skal underteiknast. *Reglane var på høyring til alle i skulesamfunnet (FAU, elevråd ) og vart godkjend i SU i 2015.
Sist endra 29.08.2024 10.07