Om oss

Toftøy skule ligg på øya Toftøy nord i Øygarden kommune. Reisetid frå Bergen er ca 25.min. Skuleåret 2023/24 har skulen 146 elevar.

Skulebygg Toftøy skule - Klikk for stort bileteToftøy skule

Lekser

For at eleven skal bli flink må han/ho trena. Lekser er trening!

Lekser skal vera slik at eleven skal kunne klara dei sjølv, eventuelt med støtte frå føresette eller andre. Er leksene for vanskelege må lærarane får beskjed om dette.

Men foreldre skal:

  • Motivera (til dømes idedugnad i høve historieskriving, glose- og ordpugging, gangetabellen, klokka, osb.).
  • La barnet lesa høgt til deg når det er leselekser på planen (norsk, engelsk, samf.), og sjekk alltid at andre lekser er gjort på ein god måte.

Har du ein elev som slit i enkelte fag, forventar skulen at dei vaksne heime hjelper til. Her er ein god dialog mellom skule og heim viktig.

Foreldra skal skrive melding om leksa ikkje er gjort.