Barn med spesielle behov 0-6 årDersom barnet ditt har spesielle utfordringar, kan han eller ho ha behov for ekstra oppfølging. Dei kan ha rett til spesialpedagogisk hjelp. Retten til spesialpedagogisk hjelp gjeld om barnet går i barnehage eller ikkje. Slik går du framTa kontakt med PPR gjennom Innbyggjartorget for vidare hjelp. Du kan også kontakta barnehage eller skule.Tilvising om spesialpedagogisk hjelp skal fyllast ut i samarbeid med barnehage, skule eller helsestasjon. PPR gjer ei vurdering av behovet til barnet for spesialpedagogisk hjelp, og gjer deretter råd om kva slags tilbod som bør gjevast.Vedtak vert fatta av pedagogisk fagteam. Når barnet ditt har fått vedtak om spesialpedagogisk hjelp, er det pedagogisk fagteam som utfører hjelpa i barnehagen eller i heimen. PrisSpesialpedagogisk hjelp er gratis. Korleis få hjelp For barn som har barnehageplass Du får eit søknadsskjema om spesialpedagogisk hjelp ved å venda deg til styrar i barnehagen. Barnehagen kan også hjelpa foreldre/føresette i samband med evt. kontakt med PPT. Søknadane frå barnehagane vert sendt til kommunalsjef for oppvekst i Øygarden kommune. For barn som ikkje har barnehageplass Her vil PPT hjelpa til med søknaden. Melding om vedtaket vert sendt til kvar einskild søkjar og kopi til aktuell barnehage. KlageDu har rett til å klaga om du meiner noko i vedtaket er feil. Klagefristen er 3 veker frå melding om vedtak er sendt. Klaga skal vera skriftleg og grunngjeven. Den skal sendast til Øygarden kommune, Ternholmvegen 2, 5337 Rong. Dersom vedtaket står ved lag, kan føresette senda klaga vidare til Statsforvaltaren for endeleg avgjerd. Sist endra 14.05.2025 08.39