Leik med vatn

Det er moro å utforske vatn! I vårt arbeid med tema gjenbruk, berekraft og miljø ønskja vi å få barna med på eit prosjekt der dei kunne få leike mykje med vatn på ei litt annsleis måte enn dei elles var vande med.

Barnehagen skal leggje til rette for at barna kan verte nyfikne på naturvitskapelege fenomen, oppleve tilknytninga til naturen og gjere sine eigne erfaringar med bruk av teknologi og reiskap. Barnehagen skal leggje grunnlaget for barns interesse for realfag og skape undring og utforskartrong hjå barna. Vi som ser barna kvar dag i barnehagen veit jo at dei elskar å leike med vatn, dei fyller oppi spann og kanner, blandar det saman med sand, hoppar og plaskar i det. 

Vi måtte finne ut kva barna tenkte og visste om vatn: - vi kan drikke det, vi kan vaske oss med det, vi kan bade i det, vi kan ta såpe og lage boblar, vi kan fryse det til is, vi kan slokke brann med det, vi kan svømme i det, vi kan plaske i det, vatn gjer oss våte, dyr og blomar likar vatn og, båtar flyt oppå vatnet, regnet er vatn frå skya, regn lagar dammer i barnehagen....Altså visste dei mykje!

Vi tenkte det kunne vere lurt å byggje noko i lag med barna, noko som ville bidra til å utvikle deira leik med vatn. Så i løpet av nokre veker samla vi inn rørdelar og koblingar, slangar og trakter, ting som elles ville bli kasta. Vi studerte materiala saman med barna og blei einige om å byggje oss ein stasjon til leik med vatn. På det lokale hagesenteret fikk vi ein trepalle som vi trong til monteringa. Vi diskuterte kva vi kunne bruke dei ulike delene til, korleis dei måtte monterast for at vatnet skulle renne igjennom dei. Og korleis skulle vi få til å lage hol til alt vatnet? Kva slags verkty ville vi få bruk for? 

I oktober var vi klare til å teste ut byggverket vårt. Ute har barna prøvd ut fleire måtar å bringe vatnet til leikestasjonen. Dei har henta det frå ei stor dam og vi har nytta hageslange. Vi har utforska kor vatnet renn raskast og seinast, i dei korte eller lange røra? I dei store eller små hola? Måtte vi kanskje lage større hol? Vi erfarte at det ikkje er så lurt å ha stein og løv oppi for då vert det fort tett... Me har snakka om formene på dei ulike delane, dei var korte og lange, tjukke og smale, stive og bøyelege osb.... 

Barna brukar stasjonen flittig, dei er stolte over det dei har vore med og byggje.

Barn leiker med vatn ute - Klikk for stort bilete
Barn leiker med vatn ute - Klikk for stort bilete
Barn leiker med vatn ute - Klikk for stort bilete
Barn leiker med vatn ute - Klikk for stort bilete
Barn leiker med vatn ute - Klikk for stort bilete
Barn leiker med vatn ute - Klikk for stort bilete
Barn leiker med vatn ute - Klikk for stort bilete
Barn lager vatn leke  - Klikk for stort bilete