Vi forskar på tusselussen!

I juni forska vi på tusselussen. Før sommarferien hadde vi eit lite forskingsprosjekt i barnehagen. Vi ville sjå nærmare på småkrypet som nokon kallar for tusseluss og andre kallar for skrukketroll/benkebiter/munkelus. 

Barn kikker på tusselussar i en kopp med forstørrelsesglass - Klikk for stort bilete

Barna er alltid veldig opptekne av alle småkryp som kjem fram om våren men vi bestemte oss for å sjå nærmare på akkurat dette.  Før vi gjekk i gang ba vi Hakkespettgruppa om å beskrive og teikne tusselussen slik dei tenkte at den var.

Teikning av tusseluss - Klikk for stort bilete

 Dei hadde mange tankar om korleis dette småkrypet såg ut: " Den har 3 føter, er litt lilla med striper. Den bit litt og kiler, den har 4 føter, er brun og liten, den har 10 føter, er blå, bit og et brød, den har 3 føter, er rosa og et blad, den har 3 føter, er gul og et mat, den har 16 føter, er brun, bor i jorda og et jord og blad".

Etterkvart tok vi forstørrelsesglas og oppsamlingsboksar med oss ut og gjekk for å finne nokre eksemplar av arten. Heldigvis fant vi mange.

Nokre av småkrypa tok vi med tilbake til barnehagen. Vi la jord, litt sand og planterestar i ei stor krukke og i eit par dagar kunne vi sjå dei på nært hald. Så teikna vi dei på nytt. Vi kunne til dømes sjå at dei hadde 2 antenner, at dei var brune eller grå i fargen, at dei hadde eit skal, at dei hadde 7 par bein og at dei likte å ete råtne planter og frukt og at dei trengte vatn for å ha det bra. Så fekk dei sleppe ut att i naturen og vi hadde blitt litt klokare forskarar!

Tusselussar i en glass-skål - Klikk for stort bilete