Dramaforløp
Straume barnehage
Alle i barnehagen var samla til fellessamling på avdeling Sol. Dei fleste hadde kledd seg ut som troll med halar og ansiktsmaling.
Innleiingsvis til samlinga fekk vi sjå eit dramforløp om tollet som hadde mista lattaren sin. Borna følgde spent med. Trollet måtte besøkje ekornet og høyre om ho hadde sett lattaren til trollet. Det hadde ho ikkje, men trollet fekk ein kongle han kunne spise og sjå om lattaren kom tilbake. Det hjalp ikkje, derfor gjekk trollet vidare til dammen kor trollet møtte frosken. Trollet ville sjå i froskedammen og der plaska trollet i dammen så vatnet spruta og han fann igjen lattaren sin. Alle barna lo godt da trollet spruta vatn på dei.
Vi sang mange fine trollsangar og nokon av barna dramatiserte “Bukkene bruse” sangen til oss.
Dramaførestilling om to troll som skulle på fest.
Straume barnehage
Vi fekk besøk av to troll som heit Lurvefot og Mosedott. Dei skulle på fest og hadde tatt med seg ein spennande kiste med mat og drikke. Maten dei hadde med var edderkoppar, ekornbæsj og ei drikk laga av musehalar, flaggermusvingar og froskeslim. Da rynka barna på nasen, men det var også spennande og morosamt. Barna meinte trollene måtte dele maten sin med dei og at trollene ville føle seg betre om dei delte. Etterpå fekk alle servert trollgraut til lunsj.
Trollet viser alle barna troll drikken
Straume barnehage