Nisssen kom på besøk
Straume barnehage
Kvar desember har vi ein nissefest i barnehagen. Etter tradisjon syng vi julesongar og får besøk av nissen. Heile barnehagen var samla til nissefesten på avdeling Luna. Der var det ei koseleg stemning. Det var pynta med juletre, julelys og peis på storskjermen. Vi starta med å gå rundt juletreet og song gode gamle julesongar. Nokre av songane vi song var “Eg gjekk meg over sjø og land”, “Så går vi rundt om ein einebærbusk” og “ O, jul med di glede”.
Etterpå sat alle spent og venta på nissen. Vi song fleire fine julesongar. Så høyrde vi nissen, og borna ropte høgt: “Nissen, nissen!"Nissen kom inn med ein stor sekk. Han hadde med seg kvar sin gåve til borna. Han las opp eitt og eitt namn og alle satt så fint og venta på tur.
Nissen deler ut gåver til borna.
Straume barnehage
Då vi hadde sagt god jul til nissen, gjekk vi til kvar vår avdeling og fekk nissegraut til lunsj. Det var ein koseleg og fin dag for borna.
Borna lærer om dei norske tradisjonane og får erfare fellesskap, tilhøyrsel og samhald rundt julehøgtida.