Endeleg vår!

Vinteren er over for denne gong og vi gleder oss over at våren kjem. Når vi går tur legg vi merke til endringar i naturen, vi høyrer fuglesongen og kjenner at det er godt å ha på oss lettere klede. 

Påskekyllingaer laga av papp - Klikk for stort bilete

Vårlege aktivitetar i barnehagen

Snart er det påske og vi er ute i god tid med å så frø som etterkvart skal ut i drivhuset vårt. I år har vi sådd agurk, tomat og paprika og vi skal prøve å dyrke frem blomkarse frå frøa som vi hausta i fjor.

Barna deltek i planleggjinga av kva vi skal så, dei er med på innkjøp og dei har ansvar for å så frøa og vatne etterkvart som plantene veks til. - Klikk for stort bileteBarna deltek i planleggjinga av kva vi skal så, dei er med på innkjøp og dei har ansvar for å så frøa og vatne etterkvart som plantene veks til.

Sjølvsagt har vi påskeverkstad og dei glade fargane frå barnas produkt spreier glede i barnehagen.

Fotogalleri