Overgang barnehage - skule

Gode ​​rutinar for overgangen frå barnehage til barneskule er viktige for å skape tryggleik, samanheng og ein god skulestart for barna. Øygarden kommune ønskjer å ha gode system og rutinar for samarbeid mellom barnehage og skule, og for utveksling av nødvendig informasjon

Øygarden kommune ønskjer å sikre barna ein god start på opplæringsløpet og leggje til rette for eit heilskapleg og godt læringsutbytte. Difor er det viktig å overføre nødvendig informasjon til beste for barnet og den vidare opplæringa, i samarbeid med føresette.

I barnehagelova § 2 a og opplæringslova § 4-7 går det fram at barnehage- og skuleeigar har ei gjensidig plikt til å samarbeide for å sikre barna ein trygg og god overgang frå barnehage til skule og skulefritidsordning.

Faste møtepunkt, erfarings- og informasjonsutveksling  for pedagogar og leiarar i barnehagar og skular er viktig å sikre ein betre samanheng og kontinuitet i overgangen frå barnehage til skule.

Barn og elevar skal sikrast ein god overgang mellom barnehage til barneskule.

Skjema

Skjemaet er eit standardskjema som skal brukast for alle barn, både på overføringsmøte for elevar med særskilde behov (Opplæringslova kapittel 11 og § 3-6), og ordinære overføringsmøter.

Skjema overgang mellom barnehage-skule (PDF, 697 kB)

Kven har ansvar for å kalle inn til overføringsmøta for elevar med særskilde behov?

  • Barnehagen, fordi dei har kjennskap til kva barn som har særskilde behov.

Kven har ansvar for å kalle inn til ordinære overføringsmøte?

  • Barneskulen finn aktuelle datoar og sendar desse til barnehagane.

Samtykkeskjema må fyllast ut av føresette. Barnehagane har ansvar for at dette blir gjort.

Samtykkeskjema (PDF, 78 kB)

Årshjul

Årshjulet gir oversikt over tiltaka i overgangsprosessen, kven som har ansvar for gjennomføringa, og når tiltaka skal gjennomførast. Årshjulet startar vanlegvis i august året før barnet byrjar på skulen, men kan i nokre tilfelle starte allereie to år før skulestart.